EID BETONG AS sin logo
checkmark symbol

Restbetong

Kunden er ansvarleg for betong som er bestilt,, også eventuell restbetong. Det er ein fordel om kunden har ein eigna stad å gjere av dette.

checkmark symbol

Vask og reinhald

Etter ei betonglevering treng vi ein stad i nærleiken for vask og reinhald av bilen. Det er som regel lite avfallsstoff bortsett frå sand, singel og vatn. Fint om du som kunde har ein eigna stad vi kan stå.

checkmark symbol

Mengde

Voluminnhald i forskaling reknar du med formelen l x b x h. Tidvis må ein rekne litt ekstra, dette varierar etter forhalda. Ujamn planering, eller underlag som vert komprimert av betongen kan spele inn.

checkmark symbol

Betongkvalitet

Det kan vere vanskeleg som kunde å velge eigenskapar og kvalitet på betongen til ditt formål. Rådfør deg gjerne med oss om kva du treng

checkmark symbol

Ledningar og andre hinder

For levering med pumpe kan det vere utfordrande dersom der er straumførande kablar i luftspenn ved leveringsstaden. Derfor er det fint om du opplyser om dette ved bestilling. Vi treng også litt plass for å rigge opp utstyret, men er du i tvil kjem vi gjerne på synfaring før levering.